Marianne Goderstad har dreve mjølkeproduksjon i hop med kjærasten Jørgen, sidan 2010. Driftsbygningen er frå 1982 - og det meste av arbeidet i fjoset vert utført med rå muskelkraft. Her finnast korkje mjølkerobot eller eit stort utval av avanserte og elektrifiserte medhjelparar.

- Det blei i grunnen ikkje så ille, seier Marianne og tenkjer på den siste strøymrekninga som no ligg til forfall i nettbanken.
- Me har nytta oss av Agrol-avtalen på strøym, og det har heilt tydeleg gjeve utslag på sluttsummen. Eg vart beint fram positivt overraska. Samstundes er det heilt klart at den manuelle arbeidskrafta i fjoset gjev lite utslag på strøymrekninga., humrar Marianne Goderstad.
- Her er det poteter, grovt brød og kortreist heilmjølk som er den største innsatsfaktoren.

I godlag som alltid, og eigentleg optimist når det gjeld det aller meste.

- Sjølvsagt ser me det på botnlinja her på garden au. Me merker, som alle andre, prisauken på både rundballeplast, straum og gjødsel. Driftsforma vår, kor me m.a. bruker mykje husdyrgjødsel, gjer at me styrer unna dei verste utgiftsbombene,
Seier Marianne Goderstad, og takkar dei 16 mjølkekyrne for godt samarbeid, Dei fyller greit opp mjølkekvota på snaue 130 000 liter - og så gløymer ho heller ikkje maskinentrepenøren Jørgen.
Ein god og viktig bidragsyter når ho sjølve klikkar seg inn på den lokale nettbanken og skal betale både kunstgjødsel, balleplast og kilowatt.
- Jørgen driv eiga verksemd som maskinentrepenør, og der har eg fått meg ein fast plass på lønningslista. Stundom bak skrivebordet og dataskjermen - andre dagar med båe føtene solid planta i ei grøft. Grøftegravar med opprykk.