Haust i høgfjellet
Fylkesveg nr 337, mellom Brokke i Setesdal - og Suleskar i Rogaland. I vinterhalvåret godt gøymd under fleire meter med stuttreist snø. Berre framkomeleg for reinsdyr, harepus - og ein og annan setesdøl med skuterløyve i lomma - og hytte i fjellheimen.
Tidleg på hausten, i byrjinga av september, vart bladfyken beden med på ei
fantastisk oppleving i dette ville og aude landskapet.
Tett attmed Roskrepfjorden, 929 meter øve havflata, møttes jærbuer,
venndøler og setesdøler til venskapeleg fordeling av tusenvis av sau.
Sau som denne dagen var på veg heim frå eit fantastisk og sjeldan flott fjellbeite.
Ein minnerik dag.