Fylkesstyret vitja pelsdyrfarm
Det vart ein gild, spanande og ikkje minst lærerik føremiddag då fylkesstyret i Vest-Agder Bondelag onsdag i denne veka vitja ein stor og veldreven pelsdyrfarm i den vesle tettstaden Øyslebø. Marnardal kommune.
På garden åt Leif Heddeland har det vore pelsdyroppdrett heilt sidan 1932. Me vert teken venleg i mot ute på det trivelege gardstunet. Ryddig og fint. Her er det system på det aller meste. Leif ynskjer velkomen til gards - og inne i verkstaden vert det servert nykokt kaffe med tilhøyrande skuffekake av aller beste slag.
Fylkesstyret fekk ein grundig gjennomgong av drifta på garden - og det var sett av rikeleg med tid slik at dei tillitsvalde fekk høve til å stille mange faglege og grunngjeve spursmål til gardbrukaren.
Etter ei triveleg matøkt tok Leif oss med på ei synfaring rundt på bruket. Her fekk møtelyden høve til å helse på både rev og mink. For einskilde vart nok dette det aller fyrste møte med slike dyr, og eit av høgdepunkta var nok då Leif Heddeland henta ut ein drivande kvit rev som han sat og smeika med på fanget.
Reven var roleg og tillitsfull som ein veldressert Border Collie - og Leif tykkjest vere av omternt same slaget. Ein roleg, lun og venesæl fagmann. Eit herleg samspel mellom folk og dyr.