- Dette vil gjere det meir forutsigbart  for alle partar, seier avtroppande styreleiar i Landbrukets Dag SA, Ole Magne Omdal til Bondelaget sin utskræmde bladfyk. 
I timane før årsmøtet på Hotell Dølen på Evje, den 7. mars, vart det ferdigforhandla ei kontrakt med Evjemoen Næringspark AS. Ein avtale, og ei kontrakt, som sikrar at landbruksmessa vert verande på Evjemoen dei neste åra. Diskusjonen om å flytte heile arrangementet til Kristiansand vil vonleg stilne for eit bel.
Ein debatt og eit ordskifte som til tider he vore kjenneteikna av særs høg temperatur og eit vokabular som ikkje på noko vis høyrer heime korkje på sundagsskulen - eller kring middagsbordet kor godtfolk er samla.

"Naturligvis" har gjennom mange år, og gjennom tusenvis av dugnadstimar, utvikla seg til å ha vorte ein suksess og ein folkefest i Indre Agder. Det er 23 ulike organisasjonar, knyta til landbruksnæringa på ulike vis, som stend som eigarar av Landbrukets Dag SA. Det heile er så organisert, og formalisert, gjennom eit eige samyrkjeforetak. Det er her bokstavane SA kjem inn i bilete med full tyngde.
Naturligvis 2017 vert arrangert på tuftene av den gamle militærleiren på Evjemoen, i dagane 11. - 13. august. Då forventar arrangørane sol frå skyfri himmel, ny publikumsrekord - og mange gode opplevinger for både folk og fe.

 

Heile bygda, og vel så det, engasjerte seg då det vart tale om å flytte den populære landbruksmessa til Kristiansand. Bodskapen nådde fram - og messa vert verande på Evjemoen. I Setesdal. ( foto: øystein moi)