Frammøte ved Kvåsfossen
Den store flaumen på Sørlandet, på slutten av førre kalenderåret, fær skulda for at mykje søppel og skrot fydde vassvegen nedetter fleire dalføre på Agder. Tusenvis av meter med balleplast - og fullt utvikla høyballar medrekna, tilsulkar i desse dagar naturlandskapet på ein lite triveleg måte. Tor Erik Leland, bondehøvdingen frå Selandsdalen, er ein av dei mange som no tek tak i dette elendet. ( foto: øystein moi )
Laurdag 2.april, klokka 09:00 møter representantar frå Lista og Lyngdal Bondelag, Hægebostad Bondelag, Elveeigarlaget og lokalavdelinga av Jeger & Fisk til dugnad for å rydde opp i elendet.
Frammøte er ved Kvåsfossen, og i fylgje fylkesleiaren i Bondelaget så vert det servert både kaffe og stuttreiste grillpylser i samband med "ryddedagen."
Det vert og skipa til ei utlodning kor dei frammøte fær høve til hente med seg heim sjeldan flotte gevinstar.
Dette kan så avgjort verte ein triveleg og sosial dag for heile familien
Tor Erik Leland ber om at alle som les dette spreier bodskapen til sine sambygdinger, yrkesbrør - og næraste pårørande på ein mest mogleg effektiv måte.
Berre slik kan ein få rydda opp langs strendene ved Lygna.
- Høg vassføring i elva, etter ei svært så fuktig helg, kan nok gjeve ryddemannskapa einskilde utfordringer, men dette skal gå bra uansett , seier ein alltid optimistisk bondehøvding på ei skurrete telefonline frå øvre del av Selandsdalen. Audnedal kommune.