Framleis mykje snø i fjellet
- Både bønder og sau ventar på å kome til fjells, men det er framleis mykje snø i beiteområda i Setesdal seier Jakob Saaghus i Norsk Landbruksrådgivning. ( foto: øystein moi )
Saaghus he hatt eit vakent auge til landbruksnæringa i Setesdal i meir enn 30 år men kan aldri minnast at han nokon gong he opplevd så sein ein slått som dette året.
- Slåtten kjem i gang så seint her i dalen at i alle fall for bøndene langt oppe i Setesdal står andreslåtten i fare seier Saaghus til avisa Setesdølen.
- Det seier seg sjølv at dette og kan tæra på det som skal verte vinterfor for neste år.
Situasjonen er dramatisk - men det er lite me kan gjere med denne saka, anna enn å vente.
I dag, tysdag 16. juni kan me melde om kuldegrader og rimfrost på grasvollen i indre Agder. Snart snur sola - då vert vonleg alt så mykje betre ...