Folkefest i fjoset på Ulltveit
Det vart reine folkefesten i det nye fjoset på på Ulltveit då ordføraren drog fram Gjerstadkniven - og stortingsrepresentant Geir Pollestad åt seg god og mett på stutekjøt frå Nortura.
Det var ein stolt gardbrukar, Knut Erik Ulltveit, som torsdag ettermiddag kunne take i mot kring 100 gjestar til den offisielle opninga av eit nytt fjos heime på garden på Ulltveit i Gjerstad.
Nybygget, med ei grunnflate på vel 1200 kvm, he ein prislapp på 6,2 millionar kroner - og skal i fylgje den dugande gardbrukaren gjeve husrom for 80 velfødde ammekyr i løpet av hausten og vinteren.