I Gjerstad klypper dei ikkje snora - dei skjer ho av med ein ekte Gjerstadkniv. Ordførar Kjell Trygve Grunnsvoll gjennomførte den rituelle handlinga på ein framifrå måte. ( foto: øystein moi )

Det var ein stolt gardbrukar, Knut Erik Ulltveit, som torsdag ettermiddag kunne take i mot kring 100 gjestar til den offisielle opninga av eit nytt fjos heime på garden på Ulltveit i Gjerstad.
Nybygget, med ei grunnflate på vel 1200 kvm, he ein prislapp på 6,2 millionar kroner - og skal i fylgje den dugande gardbrukaren gjeve husrom for 80 velfødde ammekyr i løpet av hausten og vinteren.

Foto: øystein moi

 

Kristin Eikeland Skranefjell, frå Nortura, sytte for nok - og velsmakande grillmat til alle frammøtte. ( foto: øystein moi )

 

Geir Pollestad (SP) er leiar av Næringskomiteen på Stortinget. Det vart på alle måtar ein gild dag i Gjerstad. Ordførar Grunnsvoll fekk høve til å syne fram bygda frå si aller beste side. Truleg ein minnerik for dei båe to. ( foto: øystein moi )

 

Det tykkjest vere ei god tone mellom dei to profilerte stortingsmennene, Kjell Ingolf Ropostad og Geir Pollestad. Kva som var innhaldet i denne flaska fekk me aldri vete - men Pollestad ser likevel noke undrande ut. ( foto: øystein moi )

 

Mange av gjestane hadde med seg gåver og blomar som dei bar fram til Knut Erik - og til kjærasten Siri. Mange fine, og velvalde ord, bar bod om at dette er eit populært par i bygda. Gilde folk. ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Ja sjølvaste Bondelaget hadde ein liten blomekvast på lur ... ( foto: øystein moi )

 

Pollestad forsynte seg dugeleg av matfatet - og organisasjonssjefen i Bondelaget, Finn Aasheim, nytta sjølvsagt matpausa til å drive marknadsføring av landbruket på Agder. Ikkje heilt uventa. ( foto: øystein moi )

 

Knut Erik fortalde med fagleg innsikt, velvalde ord - og klår røyst om prosessen frå planleggjing av nytt fjos og heilt fram til den offisielle opninga, torsdag den 10. september. ( foto: øystein moi )

 

To gilde gutar. Kjell Ingolf og Knut Erik. (foto: øystein moi )

 

Berre det aller beste er godt nok når Nortura skipar til grillfest. Kristin veit kva folk vil ha. ( foto: øystein moi )

 

Takk for ein strålande fin dag i Gjerstad. (foto: øystein moi )