Neste veke samlast 30 ihuga listabønder til fagmøte på fjosloftet på Kviljo. Då skal "røysta frå Lista" kome med sine sameinte innspel til dei komande jordbruksforhandlingene. Det vert garantert ein kveld med heftig ordskifte, mange desibel, mykje kortreist pizza - og litervis med kruttsterk kaffe.
Ein herleg sosial gjeng. Høgt fagleg nivå, godt venskap, ulike meininger om ny konsesjonsgrense for kjuklingproduksjon, kva me eigentleg skal med konsesjonslova - og om framtida for økologisk heilmjølk.

Om kort tid set ein fullasta turistbuss, med bønder frå Lista, kursen mot grannefylket Rogaland. Det er ein årviss tradisjon at strevsame yrkesbrør, frå denne delen av Agder, tek seg tid til ein slik fagtur. Stundom til Danmark, andre gonger til Østfold eller Telemark - denne vinteren til Finnøy i Rogaland.
- Me kallar det fagtur, seier Reve. - Dette er ein fagtur med ein særs høg sosial faktor. - Det er dette som er sjølve limet i lokallaget.
På timeplanen er det sett av tid til både gardsbesøk - og meieribesøk. Det vert møte med godlynte ammekyr, velfødde spelsauar og venesæle rogalendinger.  Det er sett av mykje tid til gode historiar, sosialt samvær, djupe samtalar - og mykje humor.
God mat, godt drikke og naudsynt kvile i oppreidde senger med tilhøyrande dundyne og kvite laken.
Livskvalitet på blå resept.
Åndeleg - og fagleg påfyll.  Humør - og godt venskap. Lista - og Lyngdal Bondelag.


Vinterstemning på Jæren. Her skal bøndene frå Lista reinske hugen, kvile lekamen - og førebu seg på ein grøderik vår og sumar i heimbygda.  ( foto: øystein moi )