Fagdag om beitesamarbeid med sau og storfe

Tid: Tysdag 6. oktober kl. 1100-1530

Stad: Refsnes på Byremo

På Refsnes er det etablert eit beitesamarbeid mellom 4 grunneigarar til c. 175 dekar innmark og utmark og dette arealet har dei leigd ut til 4 husdyrhaldarar med sau og storfe.

Med utganspunkt i dette vil me sette fokus på beitesamarbeid for å utnytte lokale beiteressursar, oppnå rasjonell og økonomisk beitedrift og skjøtsel av verdifulle kulturlandskap.

Vidare er hald av sau, utrangering av sau og påsett av lam eit viktig tema på fagdagen.

Målgruppe for fagdagen er: Bønder med beitedyr, grunneigarar, beitelag og kommunal landbruksforvaltning.

Program:

1. Innleiing v/ Ole Steffen Gusdal, Fylkesmannen i Vest-Agder

2. Beitesamarbeid for sau og storfe på tvers av eigedomsgrensene på Refsnes. Omtale av: Arealtypar og storleik, beitedyrslag og antall, avtalar, investeringskostnadar, tilskott og finansiering og erfaringar. v/ Odd Magne Refsnes, Trond Refsnes og Kjell Eikild

3. Vurdering av hold på sau, kva skal ein legga vekt på ved utrangering av sau og uttak av lam til livdyr. v/ Ove Myklebust, saueprosjektet

4. Beitekvalitet, arealkrav og tiltak for god beitekvalitet

v/ Svein Lysestøl, NLR-Agder

5. Beitesamarbeid, beiteavtalar og tilskottsordningar

v/ Ole Steffen Gusdal

Fagdagen startar på beiteområdet på Refsnes og fortsett på Byremo bedehus.

Vedlagt følgjer kart kor stande er teikna inn.

Det blir servert kaffi og rundstykke.

Vel møtt.

Arr. Prosjekt  Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder og Fylkesmannen i Vest-Agder