Ein ekte bybonde
Magne Thorvald Bakken er blant dei aller siste «bønder i byen». Det betyr lange arbeidsdagar, traktorkøyring på sterkt trafikkerte vegar, omsut for ein einsam og våryr hane - og ein tøff kamp for å take vare på kvar einaste kvadratmeter med verdfull produksjonsjord. ( foto: øystein moi )
Ein kan trygt seie at Magne Thorvald held tradisjonane i hevd. Bakken Gård, i Kristiansand, vart bygd opp av familien i året 1511, og he sidan vore i familien i 14 generasjonar. (Seks generasjonar frå far til son). Tidlegare generasjonar jobba m.a. som postmenn, fiskarar eller som los i tillegg til arbeidet på garden.
I dag kan styraren på Bakken Gård plusse på inntekta med ein liten skjerv kvar gong skular eller barnehagar kjem på vitjing. Dette er populært m.a. når det er tid for lamming - eller når dyra skal sleppast ut på beite.
Stundom vert det og høve til ein tur på hesteryggen - medan andre småtroll vert nærast mållause når dei møter på den røslege hanen inne i sauefjoset.
På Bakken Gård er det mjølkekyr, kalvar, villsauar, katt, høner, tåtelam, hane, traktor - og så uendeleg mange andre sterke inntrykk som brenn seg inn i hugen hjå dei små håpefulle - og sjølvsagt hjå dei medfylgjande pedagogane.
Inga lærebok kan nokon gong måle seg med ein triveleg føremiddag med vitjing hjå Magne Thorvald Bakken og venene hans.