Det gode livet på Nyberg
Alv Vinjerui smilar om kapp med vårsola. Han smilar allstøtt denne venesæle gardbrukaren som trødde sine fyrste barnesko i Dalen i Telemark. Kjerringa, Inger Liv, held seg meir i bakgrunnen. Alv er så mykje meir talefør. Dei lever sine gode dagar på garden Nyberg som ligg omlag midtvegs mellom Hægeland og Finsland i Vest-Agder.
I fjoset ventar 52 mjølkekyr, og ein flokk skrubbsvoltne sauer og lam, på morgonstellet. På kulturbeitet, like nedanfor den store og velstelte driftsbygningen, ruslar ein stad mellom 50-100 islandshestar. Det nøyaktige talet fær me aldri vete. - Det spørsmålet er like nautesleg som å spørje meg om kor mange pæning eg hev i banken, svarar Alv med eit lurt smil - og ei påfylgjande hostekule.
Inger Liv fyrer opp bålpanna attom uthuset. Snart kjenner me eimen av nykoka bålkaffe, svært stuttreist flesk - og pylser med stempel frå det landsdekkjande slakterisamvirket.