Av:  Magne Pedersen - Privatpraktiserande dyrlækjar  og nestleiar i Sørlandets veterinærforening:

Dagros rautar!!

 

Regjeringa føresler i jordbruksmeldinga å fjerne øyremerka tilskot til avløysing av bønder. Samstundes held dei fana høgt om å få bukt med dyretragediar. Dette går ikkje i hop.

 Bondeyrket blir meir og meir komplekst, og for å halda tritt krevst vilje til å ta større risiko, vera meir innovativ og å jobbe enno mykje meir enn før. I slike omstillingsfasar er det menneskeleg å gjere ei pakt med seg sjølv og sine næraste om å ta stor arbeidsinnsats for å møte utfordringar. Men det er i samfunnets interesse at dette ikkje vert drege for langt, og at det i staden vert ei pakt med djevelen. Når ein toppar dette med den politiske uvissa som regjeringa ber med seg, har me med ein farleg cocktail å gjere. Regjeringa sveivar tryllestaven over mykje i jordbruksmeldinga. Det er ei grense for kva ein kan venta av ei enkeltmenneske, eller heiltidsbonden som regjeringa kallar han. Me må som samfunn finne og teikne opp denne grensa.

 Bonden i dag er ofte den einaste i grenda. Sikkerheitsnettet i form av yrkesbrør på nabogardane, er vekke. Det er viktig å få friske auge inn i fjøsa, og bonden treng å lufte ut hovudet ein gong i blant. Avløysar er eit treffsikkert tiltak i so måte.

 Regjeringa har styrka tilsyn og hatt fokus på høgare straffer for dyremishandling. Å førebygga slike tragediar har regjeringa eit meir ullent forhold til. Å fjerna avløysartilskotet er risikabelt for samfunnet, og ikkje minst for dyra.

 Dyra i fjøset er prisgitt ein kjær og empatisk bonde som har det godt med seg sjølv og sine næraste.