Bonde for ein dag
Måndag 18. april inviterte Norges bondelag 3. klasse på Sinnes og Tonstad på gardsbesøk til Tor Arne Liland på Liland. Me fekk servert norskprodusert lunsj mens Tor Arne snakka litt om bonden i Noreg og kva han gjer. Etterpå fekk me omvising i fjøset og sjå sau, geit, ku og høne.
Årsaken til opplegget er å fremja bondeyrket og me blei informert om korleis det er å vera bonde, stell av dyr og kva produkt me får frå dyra. Dette arrangementet er nytt av året, men skal visstnok vera fast for 3.-klassingane i Sirdal framover.
Her kan du lese meir om arrangementet vårt - Bonde for ein dag.