Bli med oss på dugnad
Fyrstkomand laurdag, den 23. april, ser ut til å verte den store ryddedagen i regi av fleire lokale bondelag i Vest-Agder. Det ligg framleis tusenvis av meter med "balleplast" og forurenser strendene i både Mandalselva - og i Audnavassdraget. No tek bøndene grep og inviterer til stor dugnad. Både bønder - og folk flest er hjarteleg velkomne.
Frå Mandal bondelag og Marnardal bondelag he me i dag motteke denne meldinga, som samstundes er sendt på SMS til alle medlemmene:
Bondelaget arrangerer plastryddedugnad langs Mandalselva lørdag 23. april.
Oppmøte kl 10:00 ved Holum skole. Vafler og kaffe i pausen.
Husk støvler - og ta gjerne med ei rive.
Frå Lindesnes Bondelag - og Audnedal Bondelag ser meldinga slik ut ( sendt på SMS til alle medlemmene ):
Bondelaget arrangerer plastryddedugnad langs Audna lørdag 23. april
Oppmøte kl 10:00 ved Vigmostad skole. Vafler og kaffe i pausen.
Husk støvler - og ta gjerne med ei rive.