Kaspar he nyleg handla seg ny traktor, og han held fram som ein særs aktiv gardbrukar. Likevel meiner han sjølve at tida no er mogen for å sleppe til eit grann yngre krefter i den øvste leiinga i lokallaget. Kaspar Stordrange fekk avskil i nåde.

 

Finn Aasheim var tilstades på årsmøtet i Nes Bondelag og delte ut både blomar og heiderleg omtale til den avtroppande lokallagsleiaren.

 

Slik ser han ut, korkje meir eller mindre, den nye leiaren i Nes Bondelag, Ole Reidar Skailand. Her i administrasjonen på Agderkontoret ser me sjølvsagt fram til eit godt og gildt samarbeid med den nye leiaren. ( foto: finn aasheim )

 

Me er sjølvsagt og glade for å ynskje Helge Verdal hjarteleg velkomen som leiar av Hægebostad Bondelag.

 

Ein gamal ringrev i bransjen er Gunnar Hangeland. Tidlegare leiar av Kristiansand Bondelag. No he han kvilt lekamen eit lite bel og er i skrivande stund attende som lakallagsleiar.  Bilete fann me i arkivet vårt og er frå ei høgtidsstund då Gunnar vart oppnemnd som æresmedlem av Kristiansand Bondelag (2014) . Den smilande jenta, jamsides Gunnar, heiter Cathinka Jerkø - og ho representerte fylkesstyret i bondelaget.

 

Jørund Try held fram som trugen leiar av Søgne Bondelag. Slikt fortener i det minste ein fargerik blomekvast ..

 

Ny leiar i Mandal Bondelag er Tom Rune Gundersen.

 

Nytt styre i Mandal Bondelag. Diverre så he ikkje fotografen send oss ei tilhøyrande og komplett namneliste, så me slit eit grann akkurat der. Vonleg kan einkvan av lesarane våre sende oss namnet på desse staslege gutane.

 

Styret i Marnardal Bondelag. F.v. Nils Moland, Jarl Tisland, Ivar Eikeland og Sjur Laudal. (Styremedlem Oddgeir Steinberg var fråverande då Finn Aasheim tok dette bilete.)  Laudal held fram som leiar.