Aktivt lokallag i Songdalen
Den særs taleføre jærbuen Rune Undheim held fram som lokallagsleiar etter eit udramatisk og minnerikt årsmøte i Songdalen Bondelag i Vest-Agder. Mykje godtfolk var samla i tingsalen, og frå fylkesstyret møtte Åge Gyland. Ein kan samstundes nemne at det og vart attval på nestleiaren, Halvard Bjerland frå Gjervolstad.
Neste post på programmet for det aktive lokallaget er den årvisse kompefesten som vert skipa til i Herredshuset på Brandsvoll. Dette er ein fest som vert skipa til i samarbeid med det lokale skogeigarlaget.
Her vert det tidtrøyte av ulike slag, og i år er det mykje som tyder på at Birte Usland, medlem av sentralstyret i Norges Bondelag, vil kaste glans øve stunda.
Kompefesten vert skipa til torsdagen den 19. november kl 19:00 - og alle medlemmene skal no ha fenge høgtideleg invitasjon med hjelp av både postverket og televerket.
Undheim fortel i ein kommentar til Agderkontoret at dette plar vere ein populær fest som samlar mykje folk kvart einaste år. Mjølkprodusentar, sauebønder, grunneigarar, gode grannar, nære skyldfolk - og godtfolk elles. Frå heile røystekrinsen.
- I år kan vi også friste med spennende og nyskapende underholdning. Programmet bør passe for alle aldersgrupper, skriv lokallagsleiaren i ein e-post til skrivestova på Agderkontoret.