Agget mot samvirket

Kommentar i Klassekampen 15/10, av Alf Skjeseth

«Her i avisen omtaler vi bare Samvirkelag dersom de brenner», skal Adresseavisens fargerike Høgre-redaktør Harald Torp ha sagt, fleire tiår før Coop skjemte ut forbrukersamvirkets stolte tradisjonar ved å kjøpe Petter Northug ut av skiidrettens fellesskap.
     Ordet «samvirke» har klangen av solidaritet og organisering for felles sak på område etter område i det norske samfunnet.
    Fellesforbundet har avslutta sitt landsmøte, og fagforeiningstanken er samvirke i beste forstand. Vi har bustadkooperasjonen og forbrukarsamvirket. Vi har samvirke i omsetning av fisk gjennom Råfisklaget. Og vi har landbrukssamvirket, med Tine, Nortura, Felleskjøpet, Gartnerhallen og eit dusin andre bondeeigde samvirkebedrifter.
    For oss etterkrigsbarn er «samvirke» instinktivt eit positivt omgrep som gjer at vi konsekvent går etter samvirkeprodukt i matbutikken. For dei fleste bønder var – og er – det like naturleg å vera tilnytta samvirket som det er for verftsarbeidarar å stå i Fellesforbundet.
Men i den nyliberale tidsalderen har samvirket mista noko av sin gode klang. Nemnte Coop har sin del av skulda.
    Det er også eit ideologisk agg mot samvirketanken. Særleg dei store i landbrukssamvirket blir framstilt som eit slags sosialistisk monster, ein koloss som misbrukar marknadsmakt og er – uha – konkurransevridande. I røynda er samvirkeselskapa privateigde bedrifter. Tine er til dømes eigd av rundt 12.000 små og store mjølkebønder.

     Likevel hadde landbruksminister Sylvi Listhaug svekking av samvirket høgt på lista då ho sette i gang sitt prosjekt for deregulering og liberalisering av landbruket. Ho varsla tidleg eit utvalsarbeid for å gjennom gå ordningane for regulering av råvaremarknaden. Då utvalet vart nedsett med professor Erling Hjelmeng som leiar, var ein del av mandatet å vurdere om marknadsreguleringa kan avviklast eller korleis den kan gjerast meir uavhengig av samvirkeorganisasjonane.
    Utvalet leverte sin rapport i juni i år, og høyringsfristen går ut i morgon. Godt under radaren pågår ein prosess som kan rokke ved eit velfungerande instrument i landbrukspolitikken og svekkje samvirket i klokketrua på marknadens usynlege hand.
    På eit samkome i Bondelaget sa Bondelagets utvalsmedlem Eli Reistad at utvalet ikkje har funne at dagens ordning er konkurransevridande. Likevel er det berre landbrukets representantar som vil føre vidare ordninga, med forbetringar og forenklingar.
    Økonomane i utvalet vil helst avvikle det samvirkestyrte reguleringssystemet. Dei vil la konkurranseomsyn trumfe samfunnsomsyna som ordningane har kvilt på sidan dei kom i stand under kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet midt på 1930-talet.
    AgriAnalyses leiar Christian Anton Smedshaug minner om at alle land har ulike former for regulering av råvaremarknaden i den biologiske næringa som landbruket er, med varierande avlingar og svingingar i tilbod og etterspørsel.
    I dag har samvirket rolla som marknadsregulator på vegne av bøndene. Næringa tek den økonomiske risikoen ved å halde marknaden i balanse. Sentrale stikkord er mottaksplikt og forsyningsplikt. Marknadsregulatoren har plikt til å ta imot råvarer frå bønder over heile landet, ein føresetnad for å skaffe utkantbøndene tilgang til marknaden.
    Tine hentar kumjølk på rundt 9500 bruk, med 295 tankbilar, året rundt og med all slags vær og føre. Berre i Nord-Norge var det i 2013 1172 leveringsstader. Tine-bilen er avgjerande for at det kan drivast landbruk over heile landet.
    Derfor trur ikkje Bondelaget at den politiske handsaminga av reguleringssystemet vil føre til at mottaksplikta blir oppheva. Det er i praksis ingen andre enn samvirket som er rusta for oppgåva. Det einaste måtte vera staten, og det skulle ta seg ut om ein minister som har kalla     landbrukssystemet stalinistisk vengeklippar privateigde bedrifter for å gje staten nye oppgaver. Dersom høgresida tek av dei ideologisk brillene som snarast, vil den sjå at samvirket er ein stor ressurs og ikkje eit samfunnsproblem.