[02.09.2010] Fantastisk dag med stor oppslutnad. At vi har høve til å bruke Mo og Jølster vidaregåande skule som arena er flott. Her er godt med rom til å boltre seg for store og små. Av årets dyreutstillingar var kasjmirgeiter og lama eksotiske dyreslag som vert meir vanlege.
[02.09.2010] - Det er eit stort tankekors at så mange av oss skal måtte bruke så mykje tid på problemstillingar knytt til rovvilt i eit fylke der beitedyra skal ha prioritet seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Jon O. Nummedal i ein kommentar til at han i dag skal delta på eit møte i Bergen der rovviltproblematikken vert sett på dagsorden.
[01.09.2010] - Det var mange flotte kunstverk og kreative innslag på årets rundballefestival som fortener ros og honnør, seier organisasjonssjef Merete Støfring. Mange fotogene prosjekt som du kan sjå på heimesida til fylkesbondelaget
[31.08.2010] Sogn og Fjordane Bondelag, i samarbeid med Gular Bondelag, har teke del i vegvesenet si høyring ved oppstart av regulerinsplanarbeidet for E 39 for Gular kommune. I svaret peikar bondelaget på at omsynet til jordvern og ulemper som vegen påfører landbruksnæringa må takst omsyn til i ein tidleg fase i reguleringsplanarbeidet. Bondelaget vil også ta initiativ til informasjonsmøte og at grunneigarar organiserer seg i kortidsgrunneigarlag eller interesseutval for å kunne fremje felles interesser, både i høve til reguleringsplan og ved seinar grunnavståing.
[30.08.2010] - Det er flott at tal syner at inntektene til bonden aukar, men eg er redd mange bønder i vårt fylke ikkje kjenner seg heilt att, seier nestleiar Jon O. Nummedal i ein kommentar til at NILF har lagt fram tala i totalkalkyla. Gapet til andre grupper er framleis altfor stort, held Nummedal fram.
[30.08.2010] - Det er flott at ungdom interesserer seg for fotografering, og at dei vel å ta bilete av motiv frå landbruket, sa fylkesleiar Per Hilleren då han delte ut premie til 14-åringen Håkon Bøyum i Fjærland laurdag.
[28.08.2010] - Det er imponerande å sjå kor mykje humør og kreativitet Fjærlendingane har fått til ved årets rundballefestival, seier fylkesleiar Per Hilleren som sjølv deltok på festivalen laurdag. I si helsing til festivalarrangørane peika han også på kor viktig dugnadsånda og samhaldet er for at ei bygd med 280 innbyggjarar skal gerie å få til festivalen. - Eg legg også merke til at her er det ungdommar som tek tak og pregar tilskipinga både i planlegginga og frå scene, i form av programleiing, innsende videosnuttar og musikkinnslag. Ungdommen er med! Det er suupert, seier Hilleren!
[27.08.2010] - Det vert spanande å sjå kven av oss som har både musklar og kløkt nok til å komme oss vidare i tevlinga, seier fylkesleiar Per Hilleren som saman med resten av fylkesstyret stiller til start i rundballe VM i Fjærland laurdag.
Sogn og Fjordane Bondelag, Postadresse postboks 153, 6801 Førde. Besøksadresse: Hafstadvegen 39, tlf: 57 83 70 80, sogn.fjordane@bondelaget.no
Ansvarlig redaktør Merete Støfring
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 | |||