Foto: øystein moi

Ein kan trygt seie at Magne Thorvald held tradisjonane i hevd. Bakken Gård, i Kristiansand, vart bygd opp av familien i året 1511, og he sidan vore i familien i 14 generasjonar. (Seks generasjonar frå far til son). Tidlegare  generasjonar jobba m.a. som postmenn, fiskarar eller som los i tillegg til arbeidet på garden.
I dag kan styraren på Bakken Gård  plusse på inntekta med ein liten skjerv kvar gong skular eller barnehagar kjem på vitjing. Dette er populært m.a. når det er tid for lamming - eller når dyra skal sleppast ut på beite.
Stundom vert det og høve til ein tur på hesteryggen - medan andre småtroll vert nærast mållause når dei møter på den røslege hanen inne i sauefjoset.
På Bakken Gård er det mjølkekyr, kalvar, villsauar, katt, høner, tåtelam, hane, traktor - og så uendeleg mange andre sterke inntrykk som brenn seg inn i hugen hjå dei små håpefulle - og sjølvsagt hjå dei medfylgjande pedagogane.
Inga lærebok kan nokon gong måle seg med ein triveleg føremiddag med vitjing hjå Magne Thorvald Bakken og venene hans.

Foto: øystein moi

Eit pedagogisk sjakktrekk. Når Magne Thorvald er ferdig med fyrste skuletimen skjøner truleg dei aller fleste borna at det er ein klår samanheng mellom ullgenseren - og det vesle lammet ... ( foto: øystein moi )

Heilt skjøneleg at denne vesle karen, frå Flekkerøya, held trygg avstand til dei velvaksne kyrne. ( foto: øystein moi )

Etter kvart vart venskapet nært - og avstanden dei to i mellom vart stadig stuttare. ( foto: øystein moi )

Foto: øystein moi

"Det finnes ikke dårlig vær, bare dårlige klær."   ( foto: øystein moi)