Det var i grunnen berre stuttebuksene og solkremen som mangla - elles kunne dette vorte ein strålande dag på bystranda i Kristiansand. 22 grader - og sumar i lufta. Inne i tingsalen var det lunt og godt. God stemning, berre triveleg folk - og ei saksliste som ikkje var altfor lang. Ein vellukka dag. ( foto: øystein moi )

 

Presis klokka 10:00 kunne organisasjonssjefen ved Agderkontoret, Finn Aasheim, ynskje møtelyden hjarteleg velkomen til årsmøte 2016.
Fyrste bolken av møtet vart skipa til som eit felles møte for dei to fylkeslaga.
Torbjørg Austrud, 1. vara til styret i Norges Bondelag, var hovudtalar på årsmøtet. Ho tok utgangspunkt i øveskrifta "Nytt næringspolitisk program 2016 - 2020." og det var etter kvart mange utsendinger som bad om å få låne mikrofonen etter hennar innlegg.  Austrud heldt eit godt og lett skjøneleg foredrag. Nyttig informasjon som vonleg kan vere godt for dei lokalt tillitsvalde å ha med seg i dokumentmappa i dagane frametter - i tida fram til jordbruksforhandlingene tek til.

Mange takk til Torbjørg Austrud for stunda - og takk for velvalde ord om norsk landbrukspolitikk.  ( foto: øystein moi )

Fleire av utsendingane, og einskilde frå administrasjonen, vitja tidlegare i vinter den store internasjonale mat - og reiselivsmessa  Grüne Woche  i Berlin.
Katrine H. Jarnes, fast sete i fylkesstyret og drivar av Hesnes gartneri i Grimstad, var sjølve med i delegasjonen til landbruksminister Jon Georg Dale då han vitja messa.
Katrine fortalde frå turen, og frå messa - medan organisasjonssjef Aasheim supplerte med levande bilete frå Berlin. På storskjerm.

Etter at Birte Usland fekk tildelt fast sete kring langbordet hjå hovudstyret i Norges Bondelag er det ikkje så ofte me ser denne blide jenta på Agderkontoret. Denne dagen var ho sendebod frå hovudbølet i  Schweigaardsgate 34 i Oslo. Birte bar med seg nyttig informasjon som me alle la oss på hjarta.  Birte var i strålande humør, låtten ljoma i korridorane - det meste var som før. Birte medrekna. ( foto: øystein moi )

Tor Erik Leland (bilete) held fram som fylkesleiar i Vest-Agder. I Aust-Agder var det heller ikkje tvil om at Erik Fløystad skulle få fornya tillit. Ny nestleiar i Aust-Agder vart Knut Erik Ulltveit frå Gjerstad. ( foto: finn aasheim )

 

Ikkje nokon, i heile landet, vervar fleire nye medlemmer til bondelaget enn denne sirdølen - Tor Arne Liland. Kven som er mest stolt, prisutdelaren - eller prismottakaren - er vanskeleg å sjå ut frå bilete. Liland fortener så avgjort ein bugnande blomebukett og velfortent heider frå eit samla årsmøte. ( foto: øystein moi )

 

Soga seier at ein finn mange gilde og venesæle folk i Sirdal. Her er fjellfolket i vest representert med to flotte utsendinger. Gunn Siri Ousdal ( lokallagsleiar ) og Tor Arne Liland. (foto: øystein moi )

 

Heidersteiknet for "Årets Lokallag i Aust-Agder" vart i år delt mellom to lokallag som samarbeider særs godt på tvers av kommunegrensene. Lillesand Bondelag v/ Marit Gunn Tveit - og Birkenes Bondelag v/ Tom Løland. I Vest-Agder var det Audnedal Bondelag som vart kåra til Årets Lokallag. ( foto: øystein moi )

 

Erling Brekkemoen er ferdig med verneplikta i Aust-Agder Bondelag og fekk avskil i nåde av eit samla fylkesstyre. Innsatsen i fylkesstyret vart heidra med kostbare gåver og ein fargerik blomebukett. Det var Erik Fløystad, sjølvaste fylkesleiaren, som takka Erling Brekkemoen for jobben. (foto: øystein moi )