[30.07.2010] Interessert i å delta på fjelltur som kombinerer naturoppleving med gardskultur og lokal tradisjonsmat? No har du sjansen. Frå fredag 20. - til søndag 22. august arrangerer Hordaland Bondelag og Bergen Turlag tur frå Hamlagrø, via Botnen og fjellgarden Skår - til Fyksesund. Turen byr på godt vertskap, triveleg turfølgje, båtskyss og god kost.
[28.07.2010] Biedøden skaper frykt og fortvilelse blant birøktere i USA. Lokale birøktere og fruktbønder i Hardanger er redde for spredning.
[27.07.2010] Birøkt er ei form for landbruk som passer svært godt i lag med fruktproduksjoin og sau, skriv Randi Benedikte Brodersen, leiar i Hordaland Birøkterlag, i artikkel " Bliv klog på birøgt og bier og blomster". Foto: Trond Gjessing.
[23.07.2010] LT Hordaland tek no spranget inn i det papirlause samfunnet. Med ein link til eit webbasert program kan avløysaren leggja inn timane sine direkte, og oppdragsgjevaren/bonden kan kontrollera på nett. Alle sparar tid, og verda tek nok eit steg i rett retning. Tekst og foto: Sjur Tarjei Fykse.
[20.07.2010] Det nye beiteutvalet, som skal ta føre seg saker i organisert beitebruk i fylket, hadde sitt første møte i juni. Utvalet er samansett av representantar frå Sau og Geit, bondelaget, bonde- og småbrukarlaget og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Tekst: Svanhild Aksnes (FMLA)
[15.07.2010] - Både stort og smått er kome vel på fjellbeite for å omsette den ypparlege grovfòrressursen til matproduksjon. Heilt uoffisielt trur eg det er sleppt kring 126 000 sau i fylket gjennom organisert beitebruk, fordelt på om lag 100 beitelag. Ikkje ein heilt liten "flokk", og det vert spanande å følgje med på beitene - og korleis lamma "tek seg", seier Ove Holmås, sauebonde frå Vågseidet og medlem i Hordaland Sau - og Geit.
[12.07.2010] - Bønder i ytre strøk melder om litt lågare avlingar; mest på grunn av overvintringsskade på grunn av snømugg. I indre strøk vert det meldt om bra avlingar, skriv Norsk Landbruksrådgiving Hordaland i si oppsummering.
[09.07.2010] Med ein praktikant kan du få god hjelp på garden samstundes som du er med på å sikra rekrutteringa både til avløysaryrket og jordbruket elles. Det er gode tilskotsordningar, og god oppfylgjing, fortel Gjermund Stuve i LT Hordaland. Tekst og foto: Sjur T. Fykse.
Hordaland Bondelag Fanav. 245, 5244 Fana (Stend vidaregåande skule), tlf 55 91 88 80, faks 55 91 88 89
hordaland@bondelaget.no
Ansvarlig redaktør Geir Totland og nettansvarlig Maria Makloufi Skjold