Sette pris på å verte Bondevener
Vik Bondelag samla gode Bondevener i Ostebaren på Tine Meieriet i Vik. -Eit hyggeleg møte, som bondevenene tydeleg sette pris på, oppsummerer leiar Erik Lidal og styremedlem Per L. Tistel frå Vik Bondelag.
Vik Bondelag markerte Bondeven-kampanjen og inviterte "bondevener" til ein prat og eit lite måltid i Ostebaren på meieriet. -Det vart eit hyggeleg møte, seier leiar i Vik Bondelag Erik Lidal. Saman med styremedlem Per L. Tistel utnemnde han bondevenene, og takka for deira positive haldningar og bidrag for landbruket i området. Dette vart teke godt i mot blant Bondevenene, dei sette stor pris på å verte tildelt tittelen.