Ryddar innmark og utmark for piggtråd
Bondelaga på Voss har i fleire år deltatt i eit ryddeprosjekt saman med Indre Hordaland Miljøverk (IHM), Mattilsynet og Voss herad.
Prosjektet går ut på å samle inn piggtråd frå innmark og utmark og levere til Indre Hordaland Miljøverk. Dei tar i mot piggtråden gratis, og Voss Herad betalar fire kroner per meter til dei som leverer piggtråden.
I løpet av 2018 og 2019 vart det samla inn ti kilometer med piggtråd, skriv Avisa Hordaland i ein artikkel for abonnentar. Lokallagsleiar i Voss Bondelag, Lars Istad, seier til avisa at han oppmodar alle i landbruket på Voss til å reinska opp på inn- og utmark på gardane sine.