Ole Gjermund Digernes fekk kulturlandskapsprisen
Bondelagsmedlem Ole Gjermund Digernes er kåra som vinnar av Kulturlandskapsprisen for sin ekstraordinære innsats for kulturlandskapet på kystgarden Digernes, Stord og Otterøy i Bømlo.
I dag mottek Ole Gjermund 50 000,- under ei markering i tunet på Digernes. Fylkesordfører Tom-Christer Nilsen står for overrekkinga, og leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, og leiar i Stord Bondelag, Knut Vikane, vil vere tilstades. Begge vil komme med ei helsing til prisvinnaren.
Det er 19. gong Kulturlandskapsprisen i Hordaland overrekkast til ein bonde som tek vare på og utviklar dei kulturhistoriske-, biologiske- og immaterielle verdiane som en finn i jordbrukets kulturlandskap. Vinnaren av kulturlandskapsprisen konkurrerte mot 11 andre kandidater frå kystkommunane i Hordaland, og vert Hordaland sin kandidat til den nasjonale Kulturlandskapsprisen i 2015.
Juryen for prisen er Kulturlandskapsgruppa som er breitt samansett faggruppe:
- Landbruksdirektør Åse Vaag, Fylkesmannen i Hordlaand
- Leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen
- Leiar i Hordaland Bonde og Småbrukarlag, Jarle Helland
- Politikar Natalie Golis, Hordaland fylkeskommune
- Leiar i Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad
- Rådgjevar Aase Nøttveit, Fitjar kommune
- Rådgjevar Solveig Roald, Fylksmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga
- Forskar Mary Losvik, Universitetet i Bergen
Sekretær for prisen er Fylkesmannens landbruksavdeling.
Les meir i Sunnhordland, Haugesunds Avis og Nrk.no med video.
Bilete frå garden til Ole Gjermund: