Offensiv rovviltnemnd
- Det er bra å oppleve at det var ei fulltalig og aktiv rovviltnemnd som stilte til møte i Sogndal siste veke, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Marit Flatjord. Leiar i den nye nemnda er fylkespolitikar og ordførar i Aurland, Noralv Distad (biletet).
Rovviltnemnda som fungerer i region 1 i denne perioden er den tredje rovviltnemnda sidan rovviltforliket i 2004 - Eg opplever nemnda som aktiv og interessert i det arbeidet og den forvaltninga dei er sett til å ha ansvar for, held Flatjord fram. For småfehaldarane i Sogn og Fjordane er det viktig at vi har ei nemnd som i si forvaltning sikrar region 1 som eit heilskapleg beiteprioritert området i tråd med det stadfesta rovviltforliket frå 2011. - Etter mitt syn er det slik at i denne regionen skal tiltaka først og fremst setjast inn mot rovviltet og ikkje mot beitedyra. Rovviltnemnda sit på mykje politisk kunnskap og fleire av medlemene i nemnda har etterkvart opparbeidd seg ein større kunnskap om rovviltpolitikken og rovviltet noko som kom til uttrykk i møtet i Sogndal.