Nytt tilbod for etablerte Inn på tunet tilbydarar
Inn på tunet + er eit nytt tilbod for deg som har vore tilbydar av IPT tenester i minst tre år, og som ønskjer å utvikle bedrifta di vidare.
Fylkesmannen og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Hordaland set i gong "Inn på tunet +" frå hausten. Her kan du som er etablert Inn på tunet tilbydar ta del i mentorordning og kurs, og få nye kunnskapar om korleis du kan vidareutvikle di bedrift. Du må ha vore Inn på tunet tilbydar i minst tre år.
Meir informasjon om Inn på tunet + og påmelding finn du her.