I morgon inviterer til dømes Krf til ope møte med Landbruksminister Olaug Bollestad og stortingsrepresentant Tore Storehausg  i Trivselshagen på Sandane.   Sjekk sosiale media og lokalavisa for å finne møte i ditt nærmiljø.

Eitt døme på ope møte i valkampen

- Det er viktig for oss i Bondelaget å ha ein god dialog med alle politiske parti, held Felde fram.  Han oppmodar også om å stikke innom partia sine stand i dei ulike tettstadane og byane våre.   Erfaring tilseier at det vert mange politikarar på stand ulike stader i Vestland dei to komande laurdagane til dømes.    Det kan fort kome gode samtalar og endåtil gode diskusjonar ut av møte der meiningar brytast.   La politikarane få forståinga av kor viktig landbruk er i di bygd, din tettstad, din kommune og ikkje minst kor viktig norsk matproduksjon i heile landet er for nasjonen vår, seier Felde.

Nøl heller ikkje med å presentere innhaldet i Landbruksløftet for politikarane

HUGS Å STEMME anten på valdagen den 13. eller på førehand til og med 10. september, avsluttar Felde.