Heltar i traktor
Som ein del av vårkampanjen har Norges Bondelag oppmoda lokallaga til å møte barnehage- og skulebarn for å fortelje litt om landbruket. Voss Bondelag besøkte nyleg Voss barnehage.
Brynhild Tennebekk Bjørke, Ove Neteland og Lars Istad frå Voss Bondelag vart dagens heltar då dei kom på besøk til Voss barnehage i traktor. Etter at alle 5-åringane hadde fått prøva traktoren fekk dei vita litt om kvar maten kjem frå. Kjekk dag for store og små, seier lokallagsleiar Lars Istad.