Fornya tillit til heile fylkesstyret
- Det vart ingen endringar i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag dette året. Fylkesleiar Anders Felde fekk mykje ros for sitt arbeid, og han delte gjerne rosen vidare til resten av styret som er eit godt lag.
Styret i Sogn og Fjordane Bondelag ser slik ut etter fylkesårsmøtet 2017:
Fylkesleiar: Anders Felde
Nestleiar: Ole- Ivar Aam Sognnes
Styremedlemer: Nils Magne Gjengedal, Kari Sigrun Lysne og Marianne Kvalvik Kvamme
1. vara: Ole Bjarne Hovland
2. vara: Inge Brekke
3. vara: Tor Arne Herstad
Bjarte Nordanger held fram som møteleiar med Brit Brækhus som vara
Vi ynskjer lukke til med eit nytt arbeidsår