Digital studiereise til 3 ysteri
-- La deg inspirere av gardsysteri som deler sine erfaringar i møte med marknaden og vegval, skriv Marit Hjorhung hos Statsforvalteren. På vegne av Landbruksselskapet i Vestland inviterer Statsforvalteren til til eit inspirerande webinar torsdag den 17. november klokka 10.
Webinaret gir deg inspirasjon, innsikt og kunnskap om kva marknad og vegval som kan vere strategisk gode for ei berekraftig drift.
Vi har invitert tre gardsysteri, som ligg spreidde rundt i Noreg, til å inspirere mjølkebønder og ysteri i Vestland om kva moglegheiter det ligg i val av forretningsidè og strategi for drift av ysteri. Osteperler ved Jan Peter Aursnes gir deg råd med på vegen til korleis orientere seg i kva type ost(ar) marknaden etterspør og til avslutning får Kompetansenettverk Lokalmat Vest ved Aud Slettehaug, no også leiar i Naustdal Bondelag, vil fortelje deg korleis du kan nytte deg av nettverket ditt på vegen til din posisjon i marknaden.
Ragna Kronstad er engasjert til å ta praten med ysteria. Ho er utdanna agronom frå Sogn Jord- og hagebruksskule, journalist, og er styremedlem i Norsk Gardsost. Ho driv no besøksgarden Sørli gard for Oslo kommune og har tidlegare ysta på Kongsgården. Ho har mellom anna jobba som assisterande kommunikasjonssjef i Noregs Bondelag året før ho tok til på agronomutdanninga i Aurland, Økologisk Norge og Stiftelsen Norsk Mat (tidl. Matmerk).
Her finn du ein av artiklane som Ragna har skrive i april i år: Handverksost koplar oss til landskapet
DETALJERT PROGRAM FOR WEBINARET
SAMLA INFORMASJON OM WEBINARET
Deltakaravgift kr. 359,- pr. gard/ysteri. Påmeldingsfrist tysdag 15.11.22
Illustrasjon: Salatost og brunost i førebuing