Fire "opne gardar" sundag 23. august
Sundag 23. august inviterar bøndene på gardsbesøk. Det er opne gardar i Notodden, Skien, Drangedal og Sannidal. På landsbasis er det i år rekordmange open gard arrangement, vel 90. Aktivitetane på Open Gard har eit vidt spenn; snikring av fuglekasser, hesteriding, natursti og mange andre aktivitetar. Og sjølvsagt kan du få kjøpt både mat og drikke.
Felles for alle arrangementa er at heile familien får ein fin dag med nærkontakt med dyr og gardsliv, og moglegheit for ny kunnskap om norsk landbruk. Open gard er ein populær og viktig arena for å vise kva norsk landbruk betyr og kva verdiar landbruket står for.
Open Gard arrangementa krev stor dugnadsinnsats av medlemmer i lokale bondelag. Arrangementa er ofte i samarbeid med bygdekvinnelaget, 4H, skogeigarlaget eller andre lokale lag.
Her blir open gard arrangert sundag 23. august:
- Nedre Tubås, Nordre Vestsidaveg 596, Notodden, kl 12-17
- Hagvoll Gård (Sjuers), Kjølebrøndsveien 134, Sannidal, kl 12-17
- Petersborg, Mælagata 162, Skien, kl 12-16
- Haugen gård, Neslandsvatn, kl 12-18
Velkommen til en hyggeleg dag for små og store. Følg ”Open gard” skilt frå hovedveg. Bruk gjerne sykkel.
Her finn du meir informasjon om Open gard.