Vellukka årsmøte på Dampen

Publisert 29.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

Davik/Ålfoten Bondelag har hatt årsmøte, og på programmet sto tema som studiering, medlemstreff, nedskalering av mjølk og satsing på sau.

 

 

Årsmøtet til Davik/Ålfoten bondelag var på Dampen i Davik, og på menyen flotte karbonadesmørbrød og mjølk i stettglas.

Davik/Ålfoten bondelag ønskjer å arbeide med studiering i forkant av jordbruksforhandlingane og planlegg medlemstreff i nye fjøsen til Brynjar Myklebust og Svåda samdrift.

Var innspel frå Årsmøtet om at dei helst skulle sett at styret i Ålfoten/Davik hadde tatt seg tid til å sende høyringssvar i saka om Nedskalering av mjølk. Mjølkeproduksjonen er viktig i bygdene i Davik og Ålfoten, og det blir satsa mykje på mjølk.

Gry Ingvild Agjeld orienterte frå arbeidet til fylkesstyret i Sogn og fjordane bondelag og heldt eit føredrag om bygging av sauefjøs i heiltre på Agjeld.

Stein Kåre Karstensen vart attvald som leiar.

Vervedag i Sunnfjord

Vervedag i Sunnfjord

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag inviterte lokallagsleiarane i Naustdal og Førde med på vervedag på Bondelagskontoret.

Styret i Gaular Bondelag

Langt frå skoddeheimen :)

- Gaular Bondelag er ikkje i nærleiken av å vere så skoddelagde som det kan sjå ut til på biletet ler fotografen Nils Magne Gjengedal. Tvert imot !

Bonden har ei viktig rolle å spele i beredskapsarbeidet

- Beredskap sett ut i livet handlar om evne til å gjere praktisk arbeid i ein svært pressa situasjon. Difor er kunnskapen til bøndene viktig i beredskapsarbeidet, sa mellom anna varabrannsjef i Jølster Arve Dvergsdal i innleiinga til leiarmøtet.

Hildegun Gjengedal

Importen av landbruksvarer truar norsk matproduksjon

- Importen av jordbruksvarer er etterkvart vorten svært stor og legg eit stort press på korleis vi kan utvikle norsk landbruk både når det gjeld volum og inntening, sa Hildegun Gjengedal i si innleiing til leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.

Jens Kihl

Det krevst politisk kløkt og entusiasme

- Skal annleisfylket Sogn og Fjordane, med busetnad i heile fylket, kunne utvikle seg vidare trengst det dyktige politikarar som verkeleg ser verdien det er i å ha folk buande i heile Vestland sa Jens Kihl då han innleia til leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag på Skei i dag.

Kaffiprat i Hyen

Kaffiprat i Hyen

Måndag 11.november inviterte Hyen Bondelag til kaffiprat. Tema for kvelden var framtida til norsk mjølkeproduksjon. Møtet samla 32 personar.

Styret i Veitastrond Bondelag

Optimisme på Veitastrond

- Jammen var da kjekt å få representere fylkeslaget på årsmøte i Veitastrond Bondelag, seier ein oppglødd nestleiar i fylkesstyret Ole Bjarne Hovland

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere