- Veldig bra
På søndag var det Open Gard på Mo. Me tok ein prat med nokre av dei som tok turen.
- Dette er eit bra tiltak. Eg tykkjer det er flott at folk kan kome å sjå på dyr og lære litt om gardslivet.
Mariell Skildheim var ei av fleire hundre som vitja Open Gard på Mo.
- Bestefar hadde gard, med både sau og geit. Eg har så mange gode minner derifrå, difor ynskjer eg at at neste generasjon skal få oppleve noko av det same. Det er kjekt med dyr.
Korleis har dagen vore?
- Veldig moro.
Hest er best
- Eg syns det var veldig kjekt å ri på hest.
Har du ridd på hest før?
- Ja, det har eg.
Kvalitetstid
- Eg kom for å tilbringe tid med niesa mi. Ho har mellom anna fått hoppe i høyet, det er favorittaktiviteten så langt.
Det var laga til mange ulike aktivitetar. Mellom anna kunne borna hoppe i høyet, ri på hest, kaste hestesko og køyre traktor. Vidare kunne ein sjå mange ulike dyr, delta på quiz og kose seg i Cafeen.
Kva tykkjer du om arrangementet?
- Veldig bra. Det er ikkje alle som har eit forhold til dyr, så det er fint at ein kan få det på denne måten.