Fokuserer på det positive
- Vi meiner det er viktig å få fram alle positive satsingar i bygda vår og difor deler vi årleg ut pris til ein eller fleire optimistar, seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle
Eid Bondelag sin optimistprisar 2019 vart delt ut til Ann Maria Nydal og Roy Andre Bruvoll. Samt Olav Scott Færøy Nord. Gratulerer :)
Eid Bondelag har over 240 medlemer og ein jamn og god aktivitet gjennom året. Noko som også gjev laget ein god økonomi med handlingsrom til å gjennomføre sosiale aktivitetar for medlemene. Knut Tore Nes Hjelle held fram som leiar i lokallaget. Han sit også som representant i sentralt utval i Norges Bondelag som jobbar med korleis lokallaga i heile Norge kan få til eit løft i aktiviteten.
Engasjert og triveleg samling kring matbordet
Dette kallar vi kveldsmat :) Litt av eit kakebord so leiar Knut Tore Nes Hjelle og resten av dei frammøtte kunne kose seg med.