Heider til aktive lokallag
Årets lokallag i fylka har fått velfortent heider.
Norges Bondelag har over 500 lokallag som gjer ein svært viktig jobb i organisasjonen. Lokallaga arrangerer sosiale og faglege aktivitetar for medlemmane, vervar nye medlemmar, har kontakt med lokale politikarar og følgjer opp lokale politiske saker, aksjonerer, besøker skolar, arrangerer Open Gard. Og mykje meir.
Kvart fylkesbondelag har kåra årets lokallag i sitt fylke i samband med fylkesårsmøta denne våren. Eitt av desse fylkeslaga vil bli kåra til årets lokallag i Norges Bondelag under årsmøtet i juni.
Snåsa Bondelag på bildet over vart kåra til årets lokallag i Nord-Trøndelag.
- Bondelaget på Snåsa har vore ein motor i bygda, og den rolla dei har tatt er heilt spesiell. De har starta til dømes oksering og frørenseri - og tent pengar på det, sa fylkesleiar Asbjørn Helland då han delte ut heideren.
- Les meir: Snåsa Bondelag årets lokallag
Rauma Bondelag vart kåra til Aktivt lokallag i Møre og Romsdal. Dei har hatt stor aktivitet gjennom mange år og tatt initiativ til tiltak i kommunen. Laget har gjennom fleire år vore dyktige på medlemsverving, dei har mange og gode medlemsaktivitetar og er ofte i media med utspel og kommentarar.
- Les meir: Rauma Bondelag kåret til Aktivt Lokallag
Bergen Bondelag vart kåra til årets lokallag under fylkesårsmøtet i Hordaland. Bodhild Fjelltveit og Jon Henning Gjerde tok imot heideren. - Styret har i år valt ut eit lokallag som har hatt høg og variert aktivitet i mange år. Heile styret deltar i organisasjonsarbeidet, og også andre medlemmar stiller opp på arrangement. Bergen Bondelag samarbeider breitt og er representert i fleire råd og utval, heiter det i grunngjevinga frå styret i Hordaland Bondelag.
- Les meir: Bergen Bondelag er årets lokallag
Time Bondelag vart kåra til årets lokallag i Rogaland.
Lokallaget har arrangert og deltatt på mange ulike møte og konferansar. Politikk har vore ein viktig del av arbeidet og dei har sendt ut ulike skriv og uttalar til høyringar. Dei stod mellom anna i spissen i jordvernaksjonen på Frøyland
Eidsvoll Landbruksforening er årets lokallag i Akershus.
- Eidsvoll Landbruksforening er dyktige på å arrangere studeringer, temakvelder og sosiale arrangementer for medlemmene. Under fjorårets brudd i jordbruksforhandlingene gjennomførte de spontane aksjoner og troppet bl.a. opp i kommunestyret for å spre informasjon om bruddet, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå juryen.
- Les meir: Kåret til årets lokallag
Bjugn Bondelag vart kåra til årets lokallag i Sør-Trøndelag på grunn av stor aktivitet i 2014. Fagmøte, Landbruksspillet, familiedag, Quiz-kveld, julebord, aktiv Facebook-side, synlege aksjoner, medlemsverving og deltaking på bygdadagar er noko av aktiviteten Bjugn Bondelag har hatt i året som gjekk.
- Les meir: Bjugn Bondelag Årets lokallag!
Alvdal Bondelag er årets lokallag i Hedmark.
- På vinteren har dei faste bondekafear med innlagte fagtema, og dei har bondetrim kvar veke frå nyttår til påske. Dei har jobba aktivt mot kommunen i kommunedelplanar og i reguleringsplanar med vekt på jordvern. Dei organiserer innsamling av jernskrot og representerer laget der det skal representerast, sa fylkesleiar Einar Myki då han delte ut prisen. Han framheva også det enorme engasjementet til lokallagsleiar Geir Lohn.
- Les meir: Alvdal Bondelag er årets lokallag
Fjaler og Hyllestad Bondelag er årets lokallag i Sogn og Fjordane. I grunngjevinga heiter det at laget har positiv medlemsutvikling, jamn og god aktivitet gjennom heile året. styret i laget arbeider grundig og godt for medlemmane sine, og tar mange initiativ. Laget er godt synlege med eiga Facebook-side som blir oppdatert ofte, og laget er alltid representert på fylkesdekkande arrangement.
Ål Bondelag er årets lokallag i Buskerud. Dei fekk prisen for gjennom heile arbeidsåret å ha hatt god aktivitet på mange område, og for å ha hatt medlemsauka.
- Les meir: Årsmøte Buskerud Bondelag
- Årets vinnar kan skryte av å samarbeide godt, påverke kommunale prosessar bra, vere eksepsjonelt gode på store arrangement og "komme på" med saker i lokalpressa, sa leiar i Østfold Bondelag, Martha Mjølnerød, då ho delte ut prisen for årets lokallag i Østfold til bondelaga i Fredrikstad.
- Kvar for seg er lokallaga kanskje små, men saman utrettar dei mykje.
Tjølling Bondelag er årets lokallag i Vestfold. Dei får prisen for det høge aktivitetsnivået og ei veldig positiv medlemsutvikling i 2014.
- Les meir: Tjølling Bondelag årets lokallag
Sel, Vågå og Heidal Bondelag vart slått saman til Sel og Vågå Bondelag i 2012. Under årsmøtet i Oppland Bondelag vart dei kåra til årets lokallag for stor aktivitet og medlemsvekst. Dei vart også tildelt prisen årets lokallag i Oppland i fjor, og er med dette det første laget i Oppland som har fått prisen to år på rad.
I Finnmark vart prisen for årets lokallag delt mellom Alta Bondelag og Tana Bondelag. Begge lokallaga har hatt medlemsvekst, god medlemsaktivitet, arrangert Open gard og drive politisk arbeid i 2014.
Grytøy Bondelag er årets lokallag i Troms.
Telemark Bondelag har nominert Bamble Bondelag til årets lokallag i Norges Bondelag. Dei har eit høgt aktivitetsnivå med mange arrangement for medlemmar og ikkje-medlemma og bidrar aktivt i lokalsamfunnet. Dei har jamnlege møte med den politiske leiinga i kommunen, og er ein stor ressurs for Telemark Bondelag.
Nordland Bondelag gjennomfører årsmøtet sitt i midten av april.