Ei fotografisk helsing frå Skjeggedal.
(foto: Torunn Nerdalen )
Jannicke Modell Røhmen er lokallagsleiar i Åmli Bondelag. Ho er busett på garden Skjeggedal - og i dag he ho, i fylgje eigne ord " dukka ned blant dei digitale møllkulene heime på loftet." Me er svært takksame for dei fine bileta Jannike har sendt oss. Eit klårt og stemningsfullt vitneprov på at dei lever eit godt liv inne på Skjeggedal. Både folk og dyr. Indre Agder på sitt aller beste. Ikkje så himla langt unna korkje Froland - eller Mykland.
Anne. Sumar. Idyll.
( foto: Torunn Nerdalen )
Liten gut. Store dyr.
(foto: Torunn Nerdalen )
Foto: Jannicke Modell Røhmen
Lars Johan deler husvære med Jannicke heime på Skjeggedal. Når han ikkje
sit på kontorstolen på Evje, med arbeidstittel som skogbrukssjef - ja då
trivast han himlande godt kring kaffebålet. ( foto: Jannicke Modell Røhmen )
Her kan du verte nærare kjend med Jannicke
.Ein framifrå ambassadør for næringa vår.
Ei umåteleg gild jente - og ein framifrå skogsarbeider.