Landbrukskonferansen vert arrangert av faglaga i landbruket i samarbeid Ørsta Næringskontor og Landbrukskontoret Ørsta Volda. 

Møteleiar er Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Innbydarane ynskjer velkomen til ein konferanse med dagsaktuelle tema, men ikkje minst til ein viktig møteplass for yrkesutøvarane og alle andre som er knytt til landbruksnæringa.

Pris kr 200 inkl lunsj. Det er inga påmelding.

I år har konferansen to hovudtema. Før lunsj står klima og landbruk på agendaen. Korleis kan landbruket kome i møte klimautfordringane? Her vert innlegg både frå lokale næringsutøvarar og frå fagpersonar som jobbar med problemstillinga.

Etter lunsj vil ein setje fokus på balansen i marknaden. I jordbruksoppgjeret i 2014 opna ein for auka produksjon på m.a. kjøt og mjølk. Kva verknader på godt og vondt har ein fått i etterkant? Her vil fylkesleiarar i Bondelaget og nyvald leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag kome med innspel og synspunkt.

Program: (I PDF - klikk her)

Kl. 10.00 Opning - ordførar Stein Aam

SpareBank 1 - sponsor

Kl. 10.10 Innleiing klima og miljø Knut Hustad, gardbrukar i Bondalen

Kl. 10.30 Klimakrise – spikaren i kista for Vestlandslandbruket? Ola Hedstein, adm. dir. i Norsk Landbrukssamvirke

Kl. 11.00 Pause med kaffi

Kl. 11.20 Klimasmart landbruk Tony Barman, prosjektleiar i Klimasmart Landbruk

Kl. 11.50 Kvar er skogen i klimarekneskapet - til fordel for landbruket? Gunnhild Søgaard, avdelingsleiar i Nibio

Kl. 12.20 Eit lite bruk, har det ei moglegheit i den store samanheng? Michael Solhjem, gardbrukar i Ørsta sentrum

Kl. 12.40 Spørsmål – diskusjon

Kl. 13.00 Lunsj

Kva vart resultatet etter jordbruksoppgjeret i 2014? Utsikter for marknadsbalanse og betre lønsemd?

Kl. 14.00 Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag

Kl. 14.30 Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag og Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag

Kl. 15.00 Spørsmål/diskusjon/oppsummering

Kl. 15.45 Slutt

Les meir om tema og innleiarane - klikk her