Kandidatar til den nasjonale kulturlandskapsprisen

Publisert 25.03.2020
  • Tips en venn om denne siden

Ordførar Solfrid Borge, Marta og Mekjell Meland, landbruksdirektør Åse Vaag og leiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl
Fruktbøndene Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang fekk kulturlandskapsprisen i Hordaland i 2018.

Norsk Kulturarv skal også i år dele ut ein nasjonal kulturlandskapspris og treng forslag til gode kandidatar.

Kandidatane kan verte nominert av kommunen eller organisasjonar. Hordaland Bondelag tar gjerne i mot tips til kandidatar som driv aktivt landbruk. Har du andre kanidatar, kan du kontakte kommunen. Send e-post til hordaland@bondelaget.no. Frist for tips til oss er 17. april.

Her er kriteria:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

 

Mindre køyrekapasitet i sauesankinga

Dei nye reglane for køyre- og kviletid gjeld òg for dyrebilsjåførar. Reglane er trådd i kraft og det vil gå ut over kapasiteten til dyretransporten, spesielt i sanketida.

Olaug Bollestad. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag

Landbruksministeren kjem til Voss

Tysdag 11. juni klokka 19.00 kan du møte landbruks- og matminister Olaug Bollestad på Voss vidaregåande skule (jordbruksskulen). Det er Voss KrF som skipar til ope møte.

Åse Samdrift fekk Anton Mindes Ærespris for framifrå gardsdrift

Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap forvaltar i dag kapitalen til seks fond og legatar. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga i fonda.

Innlegg frå Hordaland på bondetinget

I generaldebatten under årsmøte i Norges Bondelag får alle fylkeslaga høve til å leggje fram saker som er viktig for medlemene. Her kan du sjå manus til innlegga frå Hordaland.

Hløyres landbruksnettverk på tur i Hordaland

Høgres landbruksnettverk på tur i Hordaland

Hordaland Bondelag hjelpte til med planlegginga då Høgres landbruksnettverk ville sjå litt av landbruket i Hordaland. Med eit tettpakka program fekk dei besøkt både Ulvik, Voss og Bybonden i Bergen.

Bodhild Fjelltveit

Valnemnda innstiller Frøydis og Bodhild

Både andre nestleiar Frøydis Haugen og første vara Bodhild Fjelltveit er med i valnemnda sin innstilling til styret i Norges Bondelag. Bodhild rykker opp som fast styremedlem.

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Fredag
16
oktober

Ung Bonde-samling

Bergen

Våre samarbeidspartnere