Ann - Margret Haaland er "byfrua" som eigentleg trivast aller best blant sine gode vener i fjoset.
Garden, som ho og ektemannen Ola Reidar driv i lag, høyrde tidlegare til i Grindheim kommune - men er no underlagt bykommunen Lyngdal.
Ann - Margret er for tida kommuneoverlækjar i heile fire kommunar på Sørlandet. Åseral, Hægebostad, Farsund og Kvinesdal.
Travle dagar som gjer at det er kjærasten som er sjefen på heimebanen. I alle fall i fjoset.
På "Staivodden" som garden heiter blant gode vener i grannelaget, gjev dei husrom for 11 mjølkekyr i tillegg til både kviger og kastratar . Totalt 30 dyr på beite når fjosdøra stend open - og vergudane er i godlag
- I dagane me no opplever, med smittefare og alvorleg sjukdom, er det spesielt viktig at me syner omsut for kvarandre.
Det er farleg når einskilde av oss vert gåande i einsemd heime på tunet, eller i fjoset, og gruble. Dag etter dag. Om nettene medrekna. Då kjem ofte dei vonde tankane.
Tak telefonen, ring til kvarandre - og lag deg gjerne ei eiga ringeliste. Bruk denne jamnleg. Det er så himla viktig å halde liv i nettverket, seier Ann - Margret og understreker samstundes at alle har behov for sosial kontakt på ein eller annan måte.
- Velg deg ut nokre få gode vener som du stoler på - ikkje berre kjærasten - eller næraste skyldfolk. Bruk nettverket - eller kontaktlista di, og finn gode vener du kan møte over ein kopp kruttsterk kaffe, og den gode samtalen kring kjøkkenbordet.
Korkje mobiltelefonen eller dataskjermen kan erstatte slike møteplassar.
Når dagane vert for strevsame, når det storrmar som mest kring kommuneoverlækjaren - ja då finn ho ofte fred, ro og sjelebot hjå sine vener heime i fjoset på "Staivodden."
- Eg kan eigentleg ikkje kjenne at eg høyrer til under omgrepet "byfrue" humrar Ann- Margret.
Ho trivast best i fjoset. I heimen med Ola Reidar - og ute på beite i hop med 30 firbeinte, gode og trugne vener.
- Frisk luft er god medisin, for både bønder og byfolk, avsluttar lækjaren, gardbrukaren - og det flotte medmenneskje Ann - Margret Haaland.