På vegne av Agder Bondelag takkar me så mykje for invitasjonen til møte i Lyngdal no på tysdagskvelden. Omlag 25 Høyre-folk var samla på Rosfjord Strandhotell for å diskutere framlegg til det endelege partiprogrammet.
Fylkesleiaren i Agder Bondelag, Knut Ertik Ulltveit, tok føre seg dei ulike programpostane som omhandlar landbruksnæringa. Han gav gode råd i samband med det vidare  programarbeidet - og trugne partiveteranar skreiv så blekket spruta på nyvaska og nysprita bordplater.
Med gode slagord som "Vi tror på Norge " - og " Verdiskapningen skal opp - og utslippene n skal ned " så var det ikkje grobotn for den heilt store usemja mellom Bondelaget og Høyre. Så langt.
Takk for invitasjonen. Takk for ein triveleg kveld. Me kjem gjerne attende.

 

 


Regionrådgjevar i Agder Høyre, Tor Marius Markussen, sytte for at det heile
gjekk føre seg etter gjeldande lover og reglar. Ein umåteleg triveleg kar.
Vertskap av beste slag.
(foto: øystein moi )