Øveskrifta på møteinvitasjonen lyder slik: " Høge priser på leigejord og kvote - er dette uttrykk for optimisme eller er det eit trugsmål mot næringa ..?"
Mykje godtfolk er venta til Konsmo denne føremiddagen. Me kan raskt nemne leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes - styreleiaren i Tine, Trond Reierstad - styreleiaren i Nortura, Sveinung Svebestad - styreleiaren i Norsk Landbruksrådgiving, Bjørn Mathisen - rådgjevar i Innovasjon Norge, Kjell Bruvoll og styreleiar i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland.

Det vert sett opp eigen busstransport frå Rogaland med avreise frå Sandnes klokka 07:15.
Ingen skal reise svoltne frå Konsmo. Det vert servert jolegraut, gløgg - og sjølvsagt vert det høve til å smake på eit rikeleg utval av Tine sin framifrå produkt.
To staute karar du garantert vil møte på dersom du stikk hovudet innanfor dørene på Konsmo Flerbrukshall, fredag den 11. desember. Tor Erik Leland og Lars Petter Bartnes. ( foto: øystein moi )