Ung bonde - ny bonde

Mentorordninga i landbruket inneber at du som er ny bonde gjer ei formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eitt år. Tilbodet omfattar alle produksjonar. Søknadsfrist er 1. desember.
- Fordelen med vår mentor Åse Ingebjørg er at ho seier ting som dei er – rett ut! Det er ein stor fordel når du er ny bonde seier både Anne og Even frå Bygland.
Anne Aakhus og Even Simensen er med i mentorordninga i landbruket i 2021. Mentor for dei er Åse Ingebjørg Flateland. No fortel dei om erfaringane som dei har gjort med ordninga dette året.
Lenke til meir info og søknadsskjema:
Mentorordninga i landbruket | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)