I 2017 var det 30 år sidan Noreg deltok på messa Grüne Woche for fyrste gong. 77 ulike  utstillarar frå Fjord Noreg, Oslo-regionen og Sørlandet representerte Noreg som mat- og reiselivsdestinasjon i Berlin. Deltakinga er eit ledd i å byggje Noreg som matnasjon. Målet er å stimulere til samarbeid og nyskaping på tvers av geografiske grenser og på tvers av næringsgrenser.
Grüne Woche er ei av dei aller største mat- og reiselivsmessene i heile verda, med tett på ein halv million vitjande i løpet av nokre hektiske dagar.
Kring 70 lokalmatprodusentar frå heile landet, fleire av desse er frå frå Sørlandet, var plukka ut til å representere Noreg  i Berlin i år. Alle hadde vorte invitert fordi dei har blitt lagt merke til som særeigne i det området dei kjem frå.

Midt oppe i dette enorme folkehavet rusla han rundt og smakte på livets delikatesser, den avtroppande styreleiaren i Aust-Agder Bondelag - Erik Fløystad.På bilete ser du han i saman med fylkesleiaren i Buskerud Bondelg Egil Chr. Hoen, landbruksministeren - og leiaren av Hordaland Bondelag, den venesæle og kunnskapsrike Frøydis Haugen. ( Det er Ragna Kronstad som he teke bilete.)
Erik talar like naturleg med statsrådar og ambasadørar frå heile Europa -  som han i neste augneblink gjer med sauebønder frå Tovdal  og  potetprodusentar frå Tromøya.

- Eg var stolt av å vere norsk då eg vandra rundt i folkehavet i Berlin. Stolt på vegne av norsk landbruk -  og stolt på vegne av norske matprodusentar. Du finn truleg ikkje maken nokon stad.
 

Fløystad ynskjer samstundes å rette ein stor takk til vår lokale "mat - guru" Øyvind Nese. Mannen som til dagleg er leiar vår lokale landbruksmesse "Naturligvis" - og som er leiar for den lokale matsamskipnaden "Smaken av Setesdal."
Nese hadde ei sentral rolle under oppbyggjinga - og drifta av den norske paviljongen på Grüne Woche. Den norske standen vart kåra til den beste standen på heile messa.Me kan trygt, og utan atterhald, kalle dette for ein prestasjon på høgt internasjonalt nivå.

Erik Fløystad ser attende på ein gild og lærerik tur. Han tenkjer spesielt på kvelden då han vart invitert på ambassaden i hop med sjølvaste landbruksministeren. Den norske.
Ikkje nære vener - men gode vener.
- Me er ikkje usamde om virkelighetsoppfatninga men statsråden tykkjest vere lite interessert i to gode norske ord som  samhald og samarbeid. To enkle ord som er heilt avgjerande for at denne næringa skal kunne bløme inn i framtida. To enkle ord som er så heilt avgjerande når me talar om eit landbruk over heile landet. Når me talar om levande bygder - og når me talar om kjærleik til norsk mat.
Dei tok avskil som gode vener. Truleg på ei brun skjenkestove i den tyske hovudstaden. Statsråden og fylkesleiaren.

- Så kan ein spørje seg om det er rett å bruke så himla mykje peneger på eit stort arrangement som Grüne Woche . Penger som det langt på veg er norske bønder som he forhandla seg fram til gjennom dei årvisse jordbruksforhandlingene.
Fløystad he ikkje svaret - spursmålet vert soleis hengjande i lause lufta.

Foto: øystein moi

Foto: øystein moi