Meir enn 100 utstillarar. Omlag 10 000 gjester. Gravemaskinar, plenklypparar, traktorar, kveitebollar, elektriske bilar, heimelaga is frå Sirdal - og to sprudlande statsrådar. Lite mangla då det vart skipa til Landbrukets Dag på Evjemoen, fredag - til søndag sist veke.
Dei fleste politiske partia - og mange av landbrukets eigne organisasjonar, var representerte med eigne stand under dei kvite teltdukane ute på stemneplassen

Ein solid gjeng frå Agder Bondelag sytte for god stemning og trivelege dagar heile helga. Mange var innom for å få med seg siste nytt frå bonderørsla, fleire reiste heim med ei ny "Bonde T-skjorte " i handleposen - og alle syntes  å vere glade for endeleg å kunne kome ut å treffe folk igjenn. Omtrent som før i tida ...

Nøgde var dei og på standen til Jon Deere Foresty. Laurdag føremiddag underteikna dei ei salskontarkt på 10 skogsmaskinar - fakturabeløpet, med to strek under, var på heile 40 millionar kroner.
Snart kan entrepenørselskapet AltiSkog hente fem nye hogstmaskinar - og fem nye lassberarar.
Truleg den største kontrakta  som nokon gong er underteikna på ei landbruksmesse i Noreg. I moderne tid.


Elisabeth Moi Lindland er styremedlem i Agder Bondelag , og denne helga var ho hjarteleg tilstades som vertskap i bondelagets messetelt. Ei sprudlande  og blid jente som selde T-skjorter, serverte kaffe - og slo av ein prat med både kjende - og ukjende. Landbrukets Dag er ein triveleg folkefest på alle vis. ( foto: øystein moi )

 

Du kan sjå meir frå Landbrukets dag på våre Facebook-sider