Det same var meir enn 60 gode bondevener, frå Lista i vest - til Gjerstad i aust.
Arendal Bondelag synte seg som eit framifrå vertskap - medan Agder Bondelag sytte for både innkalling og matservering.

Som vanleg ei engasjert og talefør forsamling. Mange gode spørsmål og gjennomtenkte kommentarar.
Bøndene på Agder har så vist ikkje sove i timen - og bondelagsleiaren frå hovudstaden måtte tidvis grave djupt i eige kompendium, og eiga livsrøynsle, for å finne svar på grunngjeve spørsmål frå eiga medlemsmasse.
Både generalsekretæren og styreleiaren - venesæle, omgjengelege og enormt kunnskapsrike folk vart godt mottekne i storsalen på misjonshuset.

Ein umåteleg triveleg kveld. Eit godt døme på korleis ein steg for steg byggjer det verkelege bonde-laget. Samhold, kameratskap og venskapeleg ordkløyving på tvers av kommunegrenser, på tvers av ulike produksjonar - og på tvers av ulike politiske plattformer.

Då fylkesleiaren avslutta medlemsmøtet , klokka 22:00, låg det ikkje att så mykje som ein einaste kvadratcentimeter med pizza på matfatet.
Møtelyden, bønder og bondevener frå heile Agder, kunne såleis reise mette og nøgde heim.

Kvar til sin by.
Heim til sit eige revir.