Stuttreist gardsmat - midt i byen
Det finnast så uendeleg mykje å velje mellom når det gjeld velsmakande, stuttreist og spanande gardsmat på Sørlandet. No kan du handle slik etterspurd vare på ei kolonialforretning midt i Kristiansand by.
Dei opna dørene til den vesle forretninga i slutten av juni månad. Med seg på laget he jentene seks lokale gardbrukarar - og ein bakar.
Både Siw og Nina fortel om auka interesse for det spanande vareutvalet, men dei legg heller ikkje skjul på at dersom Lille Kolonial skal ha ei framtid i storbyen så må fleire trugne kundar finne vegen til Skippergata nr 2.