Etter årsmøtet er regionbegrepet historie i TINE. TINE er nå inndelt i 4 eigarområde, der Agderfylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane utgjer Sør/Vest. Telemark inngår i eigarområde Øst. Frå eigarområde Sør/Vest er desse innvalde i konsernstyret: Askild Eggebø (Rogaland), Norvald Dalsbø (Sogn og Fjordane) og Cecilie Bjørlo (Sogn og Fjordane).

Når regionane er ute er også regionstyret historie. Men rådsmedlemmane frå eigarområdet utgjer eit eigarutval. I eigarutvalet skal det også inngå minst eit konsernstyremedlem. 

Oppgavene til eigarutvalet er å vera eit bindeledd mellom konsernstyret og den lokale medlemsorganisasjonen med ansvar for drift av medlemsorganisasjonen, samfunnskontakt, kompetanseutvikling og rekruttering av tillitsvalde.

Desse er innvalde i Rådet frå eigarområde Sør/Vest:

Helge Arne Espeland (Hordaland),  Gjertrud Svartveit Osmundsen (Hordaland), Johannes Fattnes (Rogaland), Asgeir Pollestad (Rogaland), Gunn Elise Helle (Vest-Agder) og Kjartan Åsnes (Sogn og Fjordane)

På møte i slutten av mai vil eigarutvalet konstituere seg og velje leiar.