10. mars er det årsmøte i fylkeslaget, og når røystesetlane er samla inn – og opptalte, vil det nok undre svært mange i tingsalen dersom fylkesleiaren det neste arbeidsåret ikkje kjem frå Ulltveit Gård i Gjerstad.

- Drivkrafta mi er heile tida å jobbe for stadig betre vilkår for agderbonden. Me står nå midt oppe i ein viktig, og på mange måtar heilt avgjerande lønskamp for heile næringa. Å utlikne inntektsgapet, mot andre grupper det er naturleg å samanlikne oss med, stend aller øvst på gjeremålslista no om dagen. Jordbruksforhandlingene , og eit godt oppgjer i etterkant, peiker seg ut som eit viktig mål – kvart einaste år.
No om dagen er me midt inne i denne viktige prosessen – og endelause talrekkjer, matematiske formlar og gode formuleringer kverner i hovudet både natt og dag, humrar fylkesleiar Ulltveit.
Allstøtt med ein god kommentar på lur.

 

- Så må eg au understreke at det er umåteleg gildt, motiverande og lærerikt når eg kan reise rundt i heile røystekrinsen og møte bøndene på deira eigen heimebane. I fjoset, ute på tunet – eller kring kjøkkenbordet med kokekaffe og stuttreist gjærbakst.
Den gode samtalen, det klåre språket – kameratskapet på tvers av kommunegrenser og ulike næringer er gull verdt. Seier fylkesleiaren. Den noverande