Mykje godtfolk var samla på den vidgjetne matstova i Lillesand, Horisonten, då det vart skipa til kurs i bruk av sosiale medier. Facebook, Twitter og Instagram er kjend omgrep som sjølv velvaksne sauebønder frå Indre Agder  lyt gjere seg nærare kjende med.
Læremeister denne kvelden var Ragna Kronstad, tilsett i Norges Bondelag - m.a. med fartstid som kommunikasjonssjef. (Dette året er ho rett nok i permisjon, og bruker tida som student på landbruksskulen i Aurland.) Elevflokken lot seg rive med - og i dag sviv det ein heil sverm av  nye twittermeldinger og fargesprakande instagrambilete på himmelkvelven øve dei to agderfylka.
Bondelagsfolk er då som folk flest !


Knut Erik Ulltveit, styremedlem i Aust-Agder Bondelag, fann nyleg den store kjærleiken i fjernsynsprogrammet "Jakten på kjærligheten." Her fær han gode råd av Ragna Kronstad om korleis han framleis skal holde kontakt med sitt store sosiale nettverk gjennom stutte meldinger - og venlege helsinger på Twitter. (foto: finn aasheim )


Leiaren i Froland Bondelag, Frank Sigvaldsen (t.v.) kan og syne til ei lang og krevjande karriere som rikskjendis hjå TV2. Han vart likevel sitjande noko på sidelina då Ragna og Knut Erik sende ut ei ny melding til vener og nære pårørande på verdsveven. Frank kjem sterkare attende ved eit seinare høve. Ein framifrå skribent m.a. med fast spalteplass i Bondevenen. Ein ihuga bondeven - og ein særs aktiv leiar av lokallaget. ( foro: finn aasheim )